Avreagering, roleg nedkøyring og uttøying
Eg har høyrd at det er viktig med roleg nedkøyring og ei god uttøying etter store idrettsprestasjonar.
No trur eg snart eg er imål med avreagering etter dagens intense firetimers prestasjon: Eksamen i Examen Philosophicum.

Det har også streifa mitt medvit at det er viktig med næring ganske kort tid etter treningsøkta. Ei god dose næringsrik kost er eit naturleg godt utgangsppunkt for å få restitusjonsprosessen igong.
No fortsett eg med godt mot i møte med den siste og avgjerande eksamen for i haust: Mattematikk 1 (Calculus blandt vener). Lykkeleg er eg for at den ikkje er før om eit par dagar.
Og innan eg iverksett intens mattematikkrepetisjon utpå dagen i morgo forblir den deriverte av utført skulearbeid lik 0 (det gjeld forøvrig den dobbeltderiverte òg).
Marius