Hjem > Blog > Helg!?

Helg!?

No har eg hatt ei intens veke med lesing (rekning?) mot eksamenar som kjem tett som hagl neste veke.
Einaste følinga eg har med at det er fredag i dag er at kalendaren seier så.
Vonar eg får teke meg tida til å koble litt av i helga, sjølv om eg ikkje er heilt àjour med det eg bør ha lest før eksamen i IT på mandag.

Jan Olav er allereie godt igang med sine eksamenar, han har hatt to allereie denne veka, og skal ha ny i morgo. At eksamenstid er ganske stress kan ein jo godt seia.

I kveld har eg tenkt meg ein tur på Laget, og no er det sanneleg tre veker sidan sist eg var der. Rykta fortel at det er juleverkstad der nede i dag, så eg burde kanskje funne fram att gamle papirrestar, soks og lim, og fått laga årets julekort….
Eventuelt så er det vel ingen som henrett meg om dei ikkje får julekort av meg i år?

Tida vil vise kva som skjer.
Som alltid.


Categories: Blog Tags:
  1. Ingen kommentarer enda.
  1. Ingen tilbakespor enda.

"Marius: En indøk'ers utsikt fra verden" leveres av Bloggbyen.com    Beskyttet av Akismet     Er noe du lurer på? Kontakt oss!     Lag din egen blogg!