Hjem > Blog > Filosofi for ikkje-filosofar

Filosofi for ikkje-filosofar

Eg undrast: Kvifor skal eg pinast gjennom keisamme og brysamme filosofar? For å veta kva dei tenkte, kvifor dei tenkte det og prøva å sjå kva konsekvensar det har for meg?
Nokre har vel ei formeining om at dette har noko føre seg, og at det skal meføra mykje rare refleksjonar hjå ein ung ingenør-spire.

Faget exphil (Examen Philosoficum) har berre våre fakta og detaljar om filosofar frå før vår tidsrekning og sånn, og litt historie om korleis einskilde personar har reagert på dei på denne sida av Kristi virke.
Pensumboka; ikkje berre er ho like innhaldsrik på bokstavar som eit middels trykkeri, ho er også kjeisamt skreven.

Nokre vil vel hevda at eg har eit alt for smalt syn på saka, og at eg seinare i studiet vil sjå nytta av det dei har forsøkt å læra oss. Eg håpar dei får rett, og at dette ikkje berre er unødvedig tidsfyll for å bevara universitetskulturen.

– Marius -
Sjølvmedlidande student


Categories: Blog Tags:
  1. Ingen kommentarer enda.
  1. Ingen tilbakespor enda.

"Marius: En indøk'ers utsikt fra verden" leveres av Bloggbyen.com    Beskyttet av Akismet     Er noe du lurer på? Kontakt oss!     Lag din egen blogg!